Vår historie
Som 16 åring flytta Xianwu Xu og familien frå den “vesle” kinesiske byen Wenzhou. Utdanna på kokkeskule var Xian klar for yrkeslivet i eit nytt land.
Etter fleire år på ulike kina-restaurantar rundt om i Norge, bestemte Xian, broren Wu yong Xu og faren seg for å realisere draumen om eigen restaurant.
Valet falt på Sogndal.
Der var lokala til gamle Loftesnes Pensjonat ledige. Stolte og spente kunne Xian og familien opna opp China House i Fjørevegen 17. Tre år seinare opna dei ein restaurant på Voss med same namn.
Responsen frå sogningene og vossingene var overveldande og omsetninga steig år for år. Hausten 2015 flytta så restauranten i Sogndal inni på 1000 kvm i Kulturhuset i Sogndal og endra namn til Restauranthuset Malin.
-Familien min og eg er blitt fantastisk godt mottekne av alle sogningar. Vi har sett pris på å få lov å lage mat som sogningar likar og synest det er rimeleg at vi spanderar jubileumskake på alle i restauranten på laurdag 20.oktober frå kl. 12.00 - 23.00 - seier Xian Wu Xu.
I mars 2021 bytta China House på Voss både namn og lokaler og ble ein del av Restauranthuset Malin. Då hadde Malin Sushi allereie eksistert i 8 år på Voss.
Familien kom til Sogndal med ein draum om ein eigen restaurant, og har no realisert same draum tre gonger.
Velkommen til Malin!