Ledig stillingar: servitørar - 1 fast + 1 vikar
Restauranthuset Malin er ein restaurant med tradisjonelle kinesiske rettar, steakhouse- sushi- og hotpotmeny. Vi er ein relativt stor restaurant med 220 sitjeplassar, lokalisert midt i sentrum av Sogndal. Malin er ein del av China House-gruppa, som også har to restaurantar på Voss, China House og Malin Sushi. Til Restauranthuset Malin i Sogndal søkjer vi no etter:
Servitørar
Vi søkjer etter to dyktige servitørar til vår restaurant. Den eine stillinga er ei fast stilling, den andre er ei vikarstilling, som kan passe godt for studentar.
Vi ser etter deg som har godt humør, er utadvent, likar å jobbe med mat og drikke og får energi av å gje våre gjester god service. Vi legg også vekt på at du er effektiv og har god sans for orden.
Erfaring som servitør er eit stort pluss, men har du lyst til å lære, har sjarm og eit godt smil, kan du også vere interessant for oss.
Arbeidstid er stort sett ettermiddag og kveld.
Vi kan også vere interessert i mindre stillingsprosentar og studentar som vil kombinere jobb med studiar, men då må du vere innstilt på å jobbe også på sommaren.
Vi tilbyr:
spennande jobb i eit ungdommeleg miljø
lønn etter avtale
Stillingane er ledig omgåande. Søkjarar må vere minimum 20 år pga skjenking av alkohol.
Send søknad til Xian WuXu på post@restauranthusetmalin.no eller ta kontakt på 970 10 780.
Søknadsfrist: Omgåande.