Brann på Restauranthuset Malin, Sogndal
Ny informasjon 16.12.24 til våre kundar og til deg som har booka bord på Restauranthuset Malin, Sogndal:
Politiet har frigitt lokala etter brannen, og vi har fått gjort ei vurdering av skadane.
Restaurantlokalet er uskada, men kjøkkenet er noko skada, og delar knytt til ventilasjonsanlegget har dessverre lang leveringstid.
Restauranthuset Malin i Sogndal må difor halde stengt ut januar 2025. Vi vil komme tilbake med meir informasjon om opningsdato.
Vi takkar Sogn Brann & Redning for at dei var så raskt til stades denne tysdag 10. des , og vi er glade for at ingen personar vart skadde.
Så ønskjer vi alle våre kundar med dette ei god jul og eit godt nytt år — og de skal vite at vi ser fram til å kunne servere gjester att i februar.
Har du spørsmål, ta kontakt med Ran Liu på 467 09 570.