Velkommen til Braastad cognac- og gourmetkveld
I samarbeid med Leikanger Cognac Club har vi på Restauranthuset Malin den store glede å kunne invitere deg og din venn/kjæraste/sambuar/ektefelle til ein uforgløymeleg kveld i festlokala på Malin i Sogndal.
Dato: fredag 14. februar
Tidspunkt: kl. 20:00.
Eva og Patrick Braastad
Denne kvelden får vi storfint besøk av Eva og Patrick Braastad, to av familiemedlemmane bak det kjende cognacmerket Braastad. Her vil dei sjølvsagt fortelje den eventyrlege historia bak Braastad-merket, men også fortelje oss at:
COGNAC ER MEIR ENN BERRE "AVEC"
Du vil bli servert ein fem-rettars festmeny, spesialkomponert for anledningen av Mr. Wu Xu Xian sjølv.
Smakfull kongekrabbe, servert med lakserogn og søte frukter
Kyllingsuppe med grønnsaker
Braiserte biffstykker, tilberedt med eksklusiv kinesisk vin
Torsk toppa med foie gras
Pærekake servert med tilhøyrande frukt og iskrem
Saman med rettane vil det bli presentert ulik og tilhøyrande drikke, deriblant nokre av Braastad sine beste, slik at dette blir både ei kulinarisk og historisk reise i konjakkens teikn.
Pris for dette festmåltid, inkludert smaksprøvar, vin til maten og føredrag er kr. 1 399,- per person.
VALENTINS DAG
Vi kan også nemne at denne kvelden tilfeldigvis fell saman med Valentinsdag. Det skulle med andre ord vere eit perfekt høve for dei fleste å spandere på seg denne spesielle festkvelden.
Påmeldingsfrist: 7. februar. NB! Vi har eit avgrensa tal plassar.
Kvelden vert arrangert i samarbeid med Leikanger Cognac Club.